Pensjonistforbundet Surnadal

Fjellgruppa til Strandasetra
Tirsdag var Strandasetra målet for Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal.



Frå Holten følgde vi traktorveg og sti innafor Holtaelva opp til setra. Elva som frå først på 1600-talet vart nytta til kraft for sagbruket nede ved fjorden, Follerø Bruk, fram til godt ut i 1950-talet. Spreke gutar sprang opp til Sjøasetervatnet for å opne slusene om morgonane og for å stengje når arbeidsdagen var slutt. I 1624 er Strande sag første gong nevnt i skattemantalet.






Hans Hyldbakk skriv at det har vore seter her frå sist på 1700-talet, noko det gamle seterfjøset kan minne om. 1953 var siste året det var setra her.
Takk for at vi fekk parkere på Holten!