Pensjonistforbundet Surnadal

Fjellgruppa til Grytbakksetra
Det var snø på toppane og flomstore bekkar da Fjellgruppa kom til Øygarden og tok fatt på turen til Grybakksetra tysdag. Det vart derfor valgt ei alternativ rute innover til setra der det vart inntak av niste ved dei godt vedlikehelde bygningane, der den eldste delen er fleire hundre år. Sola velsigna oss med korte glimt der ho forsøkte å bryte opp det tynne skylaget.








Heimturen gikk etter den merka stien fram til Indre bekken. Den let seg ikkje kryssa. Vi følgde bekken nedover til vegen og over brua attende til Øygarden.
