Elvepromenaden i Rindal

Onsdagskaffegjengen på YX Rindal
Denne mannsterke forsamlinga overvåka at trekninga gjekk rett for seg.

Vann premie på romjulsturen

Elvepromenaden langs elva frå Sunna til Bolme er ein svært populær tursti i Rindal. Ein aktiv gjeng held den vedlike med slått og rydding om sommaren. No om vinteren er det kjørt med snøskuter frå Sunna til Rinnvollen, og returen til Sunna kan gå etter gangvegen ved Fv65 både sommar og vinter.

Publisert

Mange brukar denne til gåturar mesta kvar dag heile året. Gapahuken nær Rinnosen er populær kvileplass, og der er det plassert ei turbok.

Denne onsdagen kunne kaffegjengen på YX Rindal vere vitne til den årlege trekninga av premie mellom dei som har skrive namna sine i trimboka - eller trimbøkene.

Før året 2023 var omme, vart det fire bøker og 3125 namn i bøkene, enda mange ikkje skriv seg inn kvar gong! 

Trekking av vinnarbok
Sigurd Jonli, Per Skjølsvold og Oddbjørn Tørset tok ansvar for trekkinga. Først trekte dei kva for bok som hadde vinnaren.

Da boka var klar, ba Per Skjølsvold om at Asbjørn Kjelås som sat ved eit av dei andre borda om å seie eit tal mellom 1 og 175 og slik velge ut vinnaren.

Asbjørn Kjelås
Asbjørn Kjelås vart både glad og vantru over trekkinga
sjekking i boka av vinnaren
Per leiter fram vinnaren i bok 4, men må ha Oddbjørn Tørset til sanningsvitne før han annonserer vinnaren.

Jammen var det ikkje Asbjørn som vann årets premie. Han hadde gått to turar etter Elvepromenaden i romjula, og vart svært fornøgd med utbyttet av dei turane.

Kanskje nokon av dokk har som nyttårsforsett å gå meir på tur? Da kan vi anbefale Elvepromenaden i Rindal!

spekkfjøl av bjørk
Premien var ei spekepølse og denne fine spekkfjøla av bjørk som Asbjørn Skjølsvold har laga
Powered by Labrador CMS