Ordførar Margrethe Svinvik delte ut Eldrearbeidets pris 2020 til Reidar Brøske og Surnadal Røde Kors.

Surnadal Røde Kors fekk Eldrearbeidets pris 2020

Publisert

Surnadal Eldreråd delte måndag morgon ut Eldrearbeidets pris for 10. gong.

Prisen, som er på totalt kr. 5.000,-, anten som rein pengesum eller todelt med gåve og pengar, vert vanlegvis delt ut i samband med Surnadal Pensjonistlag sin tradisjonelle julemiddag ved Nordmøre Folkehøgskule.

Grunna koronapandemien er julemiddagen avlyst i år, og dermed vart utdelinga av den gjeve prisen gjort i starten av eldrerådet sitt møte i kommunestyresalen måndag.

Eldrerådet består av leiar Johs. J. Vaag, nestleiar Olav Jostein Holten, Jorunn Ness, Ingeborg Bruset, Magnus Kristian Bævre og sekretær Randi Glærum frå Surnadal kommune.

Surnadal Eldreråd: Frå venstre: leiar Johs. J. Vaag, Jorunn Ness, sekretær Randi Glærum, Magnus Kristian Bævre, Ingeborg Bruset og nestleiar Olav Jostein Holten. Bak: Reidar Brøske frå Surnadal Røde Kors, kommunedirektør Knut Haugen og ordførar Margrethe Svinvik.

Johs. J. Vaag, som er leiar i eldrerådet på 14. året, opna utdelinga. Han fortalte mellom anna at prisen starta som eit innspel frå eldrerådet til Surnadal kommune sin kulturplan, men at innspelet ikkje vart teke med. Då saka skulle behandlast i kommunestyret, kom det eit benkeforslag om innføring av prisen, og dette vart samrøystes vedteke.

Vaag poengterte og at årets vinnarar føyer seg inn i rekkja av verdige vinnarar (sjå faktaboks), og poengterte at prisen no er delt ut fem gonger til lag og organisasjonar, og fem gonger til enkeltpersonar.

Vinnarar av Eldrearbeidets pris

2011: Bjørg og Per Strand

2012: Todalen Sanitetsforening

2013: Surnadal demensforening og helselag

2014: Hyggekroken, Bæverfjord

2015: Grete og Martinus Torvik

2016: Olina Halle

2017: Gyda Stolsmo

2018: Terje Nordvik

2019: Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag

2020: Surnadal Røde Kors

Ordføraren takka for innsatsen

Sjølve utdelinga var det ordførar Margrethe Svinvik som stod for.

Ho takka Surnadal Røde Kors, som består av hjelpekorpset og omsorgsgruppa, for ein stor og viktig innsats.

Særleg omsorgsgruppa, leia av Elin Bøklepp Kvande, er viktig for eldre, og Svinvik nemnde mellom anna Røde Kors-busstur, besøksvennordning, ettermiddagskaffi i Røde Kors-huset og besøk ved omsorgsbustadane som gode tiltak.

– No veit vi at ikkje alt dette, av omsyn til smittevern, ikkje kan arrangerast i år. Arbeidet omsorgsgruppa utfører er viktig, og endå viktigare no i den krisa vi er oppe i, sa Svinvik.

Ho viste til at leiar Bøklepp Kvande tidlegare har uttala at omsorgsgruppa gjerne jobbar i det stille.

– Med denne prisen, viser vi at vi ser dykk, sa Svinvik, og takka for innsatsen på vegne av både dei eldre og resten av innbyggjarane i Surnadal kommune.

Elin Bøklepp Kvande (Arkivfoto).

– Elin gjer ein heilt fenomenal jobb

Reidar Brøske var på plass for å ta på plass prisen, på vegne av Surnadal Røde Kors.

Han takka, og gav samtidig Elin Bøklepp Kvande æra for prisen.

– Elin gjer ein heilt fenomenal jobb. Ho har eit så stort engasjement, og får med seg hjelparar. Så ho fortener verkeleg æra her, sa Brøske.

Reidar Brøske mottok prisen på vegne av Surnadal Røde Kors, og nytta høvet til å hylle leiar av omsorgsgruppa, Elin Bøklepp Kvande.
Powered by Labrador CMS