Dugnadsgjeng
Dugnadsfolk etter endt økt. Frå venstre Torbjørg Settem, Svanhild Bævre, Inger Lise Heggem, Kjellaug Sollid, Gunn Bente Sæterbø, Kari Johanne Aarnes, Bernt Bøe og Eva Jorid Svendsen.

Velflidd kyrkje

Publisert Sist oppdatert

Måndag fekk Åsskard-kyrkja ein grundig omgang av flittige hender med klut og skaft.

For også kyrkjene treng rundtvask. Sjøl med forskriftsmessig reinhald etter vanleg bruk må det romvask til med nokre års mellomrom. Sist så skjedde her, var våren 2020, da på grunn av koronautbrotet.

Dugnadsgjengen sørga for at vegger og vindu, bjelkar og benkjer, krær og krokar vart shina opp. Møblar og golv og fekk bøtta og kluten tett på.

Etter fire timars krafttak dufta kyrkjehuset reint og godt fram mot vårens og sommarens mange kyrkjebesøk.

For her blir det gudstenester både tysdag og søndag denne veka. I mai er det nasjonaldag og konfirmasjon. Sia kjem det brurevigsler og andre samlingar etter kvart.

Godt å ha ei velflidd kyrkje!

Også den triveleg Kyrkjestua trong ein omgang, tykte Inger Lise, Svanhild og Gunn Bente.
Framme i koret var det Kjellaug (t.v.) og Randi som snørta opp.
Kari flidde opp lysgloben.
Etter ei økt på fire timar var det godt med ein matbit i nyvaska Kyrkjestue.
Powered by Labrador CMS