Elveeigar Ola Ranes var godt fornøgd med ryddeinnsatsen til folkehøgskuleelevane.

Rydda skog og søppel langs elva - strandrydding neste

Nordmøre Folkehøgskule tek eit krafttak for miljøet og lokalsamfunnet.

Publisert Sist oppdatert

Fredag rydda elevane frå Nordmøre Folkehøgskule kratt og søppel langs elvepromenaden frå Øye bru og opp til Bergheimshølen.

Skulen har blitt eigar av ei elvestrekning og tek ansvar.

Primus motor og elveeigar Ola Ranes var godt tilfreds med innsatsen, og viste kvar det måtte ryddast.

Elevane ved skulen var mellom anna delt opp i ei skogsgruppe og ei gruppe som tok alt av søppel og, medan andre elevar rydda langs hovudvegen.

Søndag står strandrydding for tur for elevane, som er inne i sin siste månad i Surnadal før folkehøgskuleåret er slutt.

Rektor Kristian Lund Silseth med motorsaga.
Nokre av elevane som deltok på ryddedugnaden, med rektor Kristian Lund Silseth (med gule øyreklokker og svarte solbriller) i midten.
Powered by Labrador CMS