Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Også i sommar: Søndagsope 13-17. – Og alltid med Dagens Tema kl. 15, lovar Kristian Settem, May Iren Dønheim Hovde, Gunnhild Vetleseter Bøe og Inge Dønheim

Sesongstart

Mykje kultur rundt i Surnadal for tida! Søndag startar også sommarsesongen på museet i Bøfjorden.

Publisert

Fram til september byr historielaget kvar søndag på ope museum - med kaffe, småsalg og alltid eit Dagens Tema.

Ishavsdrama

Kåsør på opningsdagen er Jakob Kristian Teilgård. Han har fordjupa seg i historia om selfangsten og trekkjer særleg fram stormdramaet i Vestisen påska 1917, da fleire ishavsskuter forliste og mange sjøfolk omkom.

Jakob Kristian Teilgård fortel selfangsthistorie og skildrar katastrofen i Vestisen i 1917

Blant desse var tre frå hans heimbygd Straumsnes. Dei var mannskap på DS «Aslak». Som ved eit mirakel overlevde «Sangvik», tilhørande Aarnes & Lund i Kristiansund. Skildringa derifrå er i seg sjøl eit stort kapittel skipshistorie.

Søndagens plakat er klar, seier Mayse. – Og Kristian føyer til: Skuta «Sangvik» overlevde påskestormen i 1917 på mirakelvis, som vi skal høre!

Styret rosar dugnadsfolk i bygda

Bøfjorden Historielag sitt styre består no av Inge Dønheim, Kristian Settem (ny), Tore Sannes, May Iren Dønheim Hovde (ny) og Bernt Bøe. Gunnhild Vetleseter Bøe er vara.

Desse er glade for frivillig kjøkenteneste og annan innsats for laget og museet i dugnadsbygda Bøfjorden.

Det er no 30 år sia sjøbruksmuseet opna. Sia at starten i 1995 har ein hatt 470 søndagar med kaffe og fast Dagens Tema. 

Jubilerer under Bøfjordhelga

Under Bøfjordhelga 11.-13. juli vil difor historielaget markere sitt 30-årsjubileum samtidig med grendahuset i bygda.

- Det er rikhaldige og allsidige samlingar på Nordmøres sentrale museum for sjøbruk og lokalhistorie, seier Bernt, Inge, Mayse og Kristian

Ulike tema står på blokka utover sommaren - som «Gulltransporten 1940», «Artig med skrøner og vettord», skipsbygging, «30 år på museet», «Utnamn med snert», lokal bedriftshistorie og andre spennande saker. 

Noko for kvar smak, altså. Og starten søndag byr på selfangst og dramatikk.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS