ANNONSE:

Teiknesaker og spel i bruk på ein tidlegare hobbydag.

Hobbydag på museet

Søndag inviterer museet i Bøfjorden små og store til sin årlege hobby- og aktivitetsdag.

Publisert

– Her kan du stille ut og selje eigne produkt! oppfordrar historielaget.

– Eller ta med deg hobbysamlinga di, anten det er frimerke, foto, utklipp eller andre ting!

Kaffehygge rundt borda blir det sjølsagt. Men no altså med ymse tidtrøyte attåt. Ludo, yatzy og alskens andre spel blir å finne. Kan hende blir det lynkurs i ymse ferdigheter også.

Viss veret er bra, tek ein fram gode gamle og spilder nye barneleikar utandørs. Kanskje er det på tide å friske opp att korleis ein «hoppar rute», kastar «skotthyll» eller «vippar jeppe»?

Barneleiker frå gamle dagar er velkomne og kan bli ei artig utstilling.

Lokale bøker og hefte blir å få kjøpt.

Gunnhild Vetleseter Bøe demonstrerer «vippe jeppe» for sønnene Syver og Einar.
Teiknesaker og spel i bruk på ein tidlegare hobbydag.
Somme kan vise og selje fantasifulle gryteklutar og andre husflidsprodukt.
Hobbydagen samlar mange – som her i 2017.
Kanskje kan du kjøpe vottar - til julegåver eller eige bruk?
Still gjerne ut gamle barneleiker! oppfordrar historielaget.
Velsmakande produkt frå hage og kjøken blir å finne.
Powered by Labrador CMS