Surnadal hornmusikk feirer 125 år

Ei reise i tid og rom, med humoristisk krydder.

Publisert Sist oppdatert

125 år er ingen alder. I alle fall er ikkje hornmusikken gamal og utdatert. Som dei sjølve hevdar:

Honner å tjuefem år -å er fortsatt e slag.

No vann hornmusikken å passere 126 før dei fekk arrangert jubileumskonsert, da korona og sjukdom har kome i vegen for dei tidlegare planlagde datoane, men dette var verdt å vente på. Korpset har fått med seg ei stor gruppe gode vener på feiringa. Frode Alnes er både konferansier og musikar under konserten. Han leiar showet med ein lun og vittig tone i godt samspel med Einar Sødergren og Anders Larsen. Her er vi nære å få eit stand up-show attpå handelen.

Hornmusikken spara ikkje på krutet og starta med trøkk. Etter Champagnegalopp og champagneopning, fortsette dei showet sjølve med The Raiders March frå Indiana Jones. Vidare følgde trillande samspelte tonar i klassikaren Singing in the Rain.

Stars and Stripes av John Philippe Sousa er i følgje dirigent Sødergren verdas mest kjende marsj, og den svingar bra, så konfraniseren må minne korpset på at dette berre er generalprøven, og at dei må ha litt futt at til laurdag og.

Nye vener kjem til på sena og, og vi får høyre nydelege Gabriellas song med Torill Moe, koret Vox, Hedda Hansen Berg på piano, og hornmusikken sjølve. Før Vox gjekk av sena fekk vi og høyre Do You Hear the People Sing frå Les Miserables, og det var eitt av fleire høgdepunkt denne kvelden.

Hornmusikken briljerer sjølve med MacArthur Park før dei får opp neste gjest som er Anders Larsen på fiolin. Han framfører fløyelsmjukt Gabriels obo saman med hornmusikken, før han saman med Frode og Hedda framfører Natt og dag. Sjølv om Frode hevdar dei ikkje hadde øvd på denne, var det høg gåshudfaktor. Frode gjev seg ikkje og framfører eigenkomponerte Vitae Lux saman med hornmusikken, ein song som skal vere laga på NoFo.

I trillande Il Postino med vakker fløytesolo, får vi drøyme oss vekk til Italia, og det er ikkje tvil om at dette korpset har rutine.

Hornmusikken får ein velfortent pust medan Anders og Hedda igjen tek over. Dei har valt songen Reflection av Kim Andre Arnesen, elev av Henning Sommero, som er vi sikkert kjem til å høyre meir frå i framtida. Dei spelar og enerigiske Shardaz med fin innleving.

Hornmusikken tek oss med ut i universet. May the Force be with You, seier Frode, før dei bles i gang Star Wars så taket mesta lettar på kulturhuset.

Rindalskorpset Blæstn får briljere med tre nummer på rappen. Først marsjen Hjemlengesel, Trollheimen, som er tonesett av Karstein Mauset, og til slutt Ompa til du dør av Kaiserz Orchestrax. Dei vart leia av spelande og sprudlande dirigent Olav Morten Tørset.

Som kjekkast er, avslutta heile gjengen i lag med Pomp and Circomstance, frå filmen Brassed Off, med tekst skrive for anledninga.

Kvelden var prega av god stemning mellom aktørane på sena. Det var tydleg at det var vener hornmusikken hadde invitert, og dei humoristiske innslaga gjorde at dette vart enno meir enn ei musikals oppleving. Det har vore godt billettsal, men det er framleis nokre ledige plassar for den som vil nyte denne framsyninga.

Powered by Labrador CMS