Det var best føre for ATV, meinte Jon Moen (t.h.)

Snøscooterdag i regn

Rindal Bil- og Landbrukssenter (RBL) inviterte til "Snøscooterens dag" den første laurdagen i november utan snø!

Publisert Sist oppdatert

Arrangøren hadde alt mot seg denne dagen. Ver og føre var lite egna for snøscooter, og koronareglar anbefalte ikkje stort oppmøte.

RBL, "gammelbutikken"

Det var likevel godt besøkt. God tilgang på handspriting og utstillingar i mange rom gav god avstand mellom folk.

Kåre Dragset måtte ha seg ny Lynxjakke.
Verkstedhallen
Snøscooteravdeling
Fleire snøscootere
- og tilbehør.

Nybygg

RBL har hatt agentur på Lynx snøscooter i rundt 30 år.
- Så fekk vi agentur på Ski-Doo scooter og Can-Am ATV, og da måtte vi ha større plass både til utstilling og til lager, fortel dagleg ledar Jon Moen. - Det var faktisk eit krav frå leverandøren.

- No går alt på skinner, seier Jon Moen om nybygget.

Utvidinga med kjøp og riving av deler av gamle Rindal Meieri for å få nye lokaler fekk ein problematisk start, men no går alt på skinner, fortel Moen.

I april 2021 skal nybygg på 750 kvm på eitt plan, med kjellar under, vere ferdig.

Bygger reiser seg
Fasadeteikningar av nybygget, frå nordaust og frå fv.65.

Lokale entreprenørar

Taket kjem på plass neste veke. Veggene er sandwichelement, ferdigisolert. Vibo er hovedentreprenør, med Alf Kvam, Bolme Kran & Transport, Nidaros Oppmåling, El-Co, Rørservice og Tørset Malerservice som underentreprenørar.

Det heile er finansiert gjennom Rindal Sparebank, så alt er lokalt!

Oversiktsbide over Sunna-området.
Powered by Labrador CMS