ANNONSE:

Et gammelt trehus med torvtak.
Vaulen.

Gaue utearrangement i Friluftslivets år

Du har nok for lengst fått med deg at 2025 er «Friluftslivets år». Her er nokre gaue utearrangement som går føre seg i Surnadal kommune i tida framover, og som du kanskje vil slenge deg med på:

Et arrangement utendørs på et fotballstadion.
Todalsdagen.

5. juli blir Todalsdagen arrangert på Bordholmen stadion i Todalen. Der kan dei minste delta på TodalsCupen 2025, ein fotballcup på 3-bane. Det vil også bli høve til å teste motbakkeforma i det 3 km lange mosjonsløpet «Ræta opp». Løpet har start kl. 12! Det blir salg av kioskvarer og grillmat, og arrangørane kan også lokke med ei stor utlodning. Fullstendig program kjem på todalen.no.

Denne veka er det friluftsskule på Mjøksanden i Bøfjorden! Her blir det turar, bading, telting og anna leik og moro ute i det fri. Sjå meir om friluftsskulen på Friluftsskole i Bøfjorden - Surnadal - Friluftslivetsar.

Lenger framme i løypa, søndag 27. juli, inviterer Surnadal JFF til familietur til Vaulen på Nordmarka. Det blir felles avgang frå parkeringsplassen ved Solåsvatnet kl. 10.00. Turen inn til Vaulen tek i underkant av to timar, og går i lett terreng, men viss du har problem med å koma deg dit til fots, er det berre å ta kontakt med arrangøren. Dei vil så langt som muleg sørgje for båtskyss innover. Framme på Vaulen vil det bli aktivitetar for både store og små, og sjølvsagt mat å få! Om nokon har lyst til å dra innover dagen før og overnatte, er dei hjarteleg velkomne til det! Arrangementet er gratis, men hugs bompengar for Vestre Nordmarksvegen. Meir info om arrangementet i aktivitetskalenderen på Surnadal JFF.

Elles går den tradisjonsrike Kløvvegmarsjen av stabelen laurdag 2. august. Det blir start kl. 10.00 frå Rabban i Vinddøldalsvegen, ca. 3 km etter at du har betalt bompengar. Marsjen følgje derifrå den gamle kløvvegen fram til setra Røsta i Vinddøldalen. Turen tek 4-5 timar, pausar innrekna. Det er inga påmelding og inga deltakaravgift. Den einaste utgifta er bompengane i Holtamoan. Ta med niste og klede etter veret! Frå kl. 12 blir det matsalg på Røsta der ein byr på rømmegraut, spekemat-«pinne», saft, kaffe og bakels. Truleg blir det også levande musikk.

Dagen etter, søndag 3. august kl. 12.00, bli det, tradisjonen tru, friluftsgudsteneste (i telt) på Røsta.

 

 

Powered by Labrador CMS