ANNONSE - Surnadal kino:

Fra filmen Flåklypa fra Paris til Pyramidene

Ryddar til jul

Surnadal kino gjer ei storopprydding før dei slepp til to potensielle storsuksessar.

Skrekkfilmen FIVE NIGHTS AT FREDDY’S 2 har trekt bra med folk i Surnadal, men tysdag 16. desember kan bli siste horrible besøk til den nedlagte pizzarestauranten Freddy Fazbear’s. For onsdag 17. desember blir det verdspremiere på ein anna oppfølgar.

Rett nok ikkje den første filmen den dagen: Filmklubben viser FORREST GUMP kl. 12. Filmen vart den store oscarvinnaren i 1994, m.a. til Tom Hanks. Sia det er siste film i Filmklubben dette året, er det gratis inngang. Det er trass alt jul snart…

Filmplakat for Forrest gump

Og mange av dei som har gleda seg til jul har også gleda seg til verdspremieren på den tredje Avatar-filmen, og vi her til lands er av dei aller første som får sjå den. USA må t.d. vente eit par dagar til før dei får sin premiere.

AVATAR: FIRE AND ASH vil sikkert bli ei mektig, og lang, oppleving. Ein av dei mest suksessrike regissørane gjennom tidene, James Cameron (Terminator, Aliens, Titanic,++), inviterer publikum for tredje gang tilbake til Pandora.

Fra filmen Avaratar Fire and ash
Fra filmen Avaratar Fire and ash

Her til lands treng ein ikkje reise lenger enn til Flåklypa for å møte eksotiske skapningar. Den store romjulsfilmen i år blir FLÅKLYPA – FRA PARIS TIL PYRAMIDENE, og endeleg skal Il Tempo Gigante vise kva bilen er god for igjen. Men dei må passe seg for «dirty tricks» i rallyet. Best å få på seg bilbelta og stramme dei godt til!

Fra filmen Flåklypa fra paris til pyramidene

For meir omtale og tider, gå inn på https://surnadal-kulturhus.no

Powered by Labrador CMS