ANNONSE - Surnadal kulturhus:

Norskamerikanske forviklingar

Kinoen byr på restemat frå jula først i den komande veka, medan Filmklubben serverer godmodige norskamerikanarar på onsdag.

Framleis muleg å få med seg FLÅKLYPA – FRÅ PARIS TIL PYRAMIDENE, AVATAR: FIRE AND ASH og ANACONDA altså. Og spesielt FLÅKLYPA har vore svært godt besøkt i romjula.

FARGO, som blir vist i Filmklubben onsdag 7. januar kl. 12, var ei snodig filmoppleving for amerikanarane, og mest av di at handlinga er frå eige land: frå det skandinaviske miljøet nord i landet. Norskamerikanarane vagga rundt i heimestrikka klede; godmodige, positive, kortfatta – og litt enkle.

Vel, det som skjer – basert på verkelege hendingar – er ikkje berre av det godmodige slaget: ei iscenesett kidnapping, for å få ut løysepengar, går ikkje heilt som tenkt.

FARGO (1986) er ein av dei mange gode filmane til brørne Ethan og Joel Cohen og fekk ei røys med oscarnomineringar. Frances McDormand, som den gravide lokale politisjefen, vart også kåra til det årets beste kvinnelege skuespelar.

For tider og meir presentasjon av filmane, gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS