ANNONSE:

Klassisk på kinoen

To norske filmar på surnadalskinoen i helga: ein basert på ei klassisk barnebok, den andre blir ein klassikar for dei meir vaksne.

Den norske forfattaren Ingvild Hedemann Rishøis korte roman STARGATE – EN JULEFORTELLING har vunne ein større og større lesarkrets etter at boka kom ut for fire år sia. Og det hjelpte godt på at kjendisar som Oprah Winfrey og Dua Lipa rosa den engelske utgåva av boka.

No har den varme – og såre – juleforteljinga vorte filmatisert med ni år som aldersgrense. For historia passar nok best for eit ungdommeleg og vakse publikum. Filmen har fått gode kritikkar, vekslande mellom 4 og 5 på terningen: «En julefilm for hele året», skriv Aftenposten, og det forsvarar vel at den allereie no er kome på kino – og sjølv da etter at julebrusen og pinnekjøttet er å få kjøpt i butikkane.

STARGATE er vel no rekna som ein juleklassikar, trass i at boka er svært ny. Men for dei yngste går ein langt eldre klassikar, skrive av nyleg avlidne Tor Åge Bringsværd: RUFFEN er framleis SJØORMEN SOM IKKE KUNNE SVØMME (6 år). Animasjonsfilmen har fått rimeleg greie kritikkar, og av dei som hamna på ein 4-ar på terningen var NRK: «Ei sjarmbombe med mykje å elske, sjølv om han ikkje alltid treff blink».

CONCLAVE er sett opp i Filmklubben onsdag 29. oktober kl. 12. Filmen hadde premiere rett før jul i fjor, og fekk ny aktualitet etter at Pave Frans døydde i april. CONCLAVE er ikkje nokon dokumentar, men tvert om ein spennande thriller om maktspelet og intrigane som utspelar seg mellom kardinalane etter at dørene blir stengde for val av ny pave. Og i dette konklavet (som den avsluttande prosessen kring paveval blir kalla) kjem det opp ting som kan ryste heile Den katolske kyrkja.

CONCLAVE var nominert til heile åtte oscars, m.a. som beste film, og fekk skryt for kor truverdig både kostymer og scenografien var.

To nye filmar til neste helg: Animasjonsfilmen HOPPER OG MURMELDYRETS HEMMELIGHET og den dramatiserte historia om når Bruce SPRINGSTEEN «melder seg ut» og ender opp med å lage det mollstemte «Nebraska»-albumet.

Oversikt over filmane, med tider, finn du her: https://surnadal-kulturhus.no/

 

Powered by Labrador CMS