ANNONSE: Surnadal Kino
Søster-brørne og andre gjensyn
Julepremierane er ikkje pakka opp, og medan vi ventar, går det mest i gjenbruk på kinoane.
Du får rett nok sjansen til å få med deg gode norske juleprestasjonar på Surnadal kino denne veka. Har du ikkje sett STARGATE, med fabelaktige Luiza Idrizi som unge Ronja, bør du absolutt vurdere å ta turen. STARGATE – EN JULEFORTELLING (aldersgrense 9 år) er ein kontrastfull film, der barnleg glede og ungdommeleg ansvarskjensle blir utfordra av farens rusproblem. Ingen familiefilm akkurat, men med kvalitetar som fortener eit stort ungdommeleg og vakse publikum.
Den andre norske julefilmen derimot, HVIS INGEN GÅR I FELLA (6 år), er meir rett fram julemoro, i slekt med «Alene hjemme»-filmane og er «førsteklasses familieunderholdning» (Dagsavisen).
To nye «romartalfilmar», altså oppfølgarar, denne veka: ZOOTROPOLIS II (6 år, norsk tale) er ein animasjonsfilm også tenkt som familieunderhaldning. For å halde oss til Dagsavisen: «Zootropolis 2 er oppriktig vittig, smart, velskrevet, visuelt overdådig og en sann fornøyelse for alle aldersgrupper».
Skrekkfilmen FIVE NIGHTS AT FREDDY’S 2 (15 år) har langtfrå fått dei same god-orda med kritikarane. Men over 100.000 såg den første filmen på kinoen, så det er nok nokon der ute som truleg er ute etter å bli skremt ein gong til …
Filmklubben gjer ei viktig endring denne veka: filmen blir vist TYSDAG 9. desember kl. 12. THE SISTERS BROTHERS frå 2018 skil seg litt frå andre westernfilmar ved at den viser litt meir av kvardagslivet på 1850-talet, m.a. introduksjonen av noko nytt som blir kalla «tannbørste». Men innimellom komiske pustepausar blir det mest drama og action: «THE SISTERS BROTHERS greier å være både voldelig og rå, intim og øm og morsom – på en og samme tid», meinte Bergens Tidende og dei fleste kritikarane ser ut til å ha hamna på same konklusjon og trilla til fem på terningen.