ANNONSE: Surnadal kino

HVIS INGEN GÅR I FELLA

Film på godt og vondt

Frå gode hekser til vonde nazistar på Surnadal kino denne veka.

Fem av filmane overvintrar frå sist veke. Dei to norske familiefilmane HVIS INGEN GÅR I FELLA («alene hjemme-stemning»; aldersgrense 6 år) og animasjonsfilmen REISEN MOT NORD (litt «Frost-aktig»; 6 år) har begge kome rimeleg godt ut med kritikarane. Elles går dokumentarfilmen KLÆBO (for alle), oppfølgaren WICKED: FOR GOOD (9 år) og «kupp-filmen» NOW YOU SEE ME: NOW YOU DON’T (9 år).

NÜRNBERG (12 år), derimot, vil først ha noregspremiere til helga som kjem. Filmen handlar sjølvsagt om rettssaka mot dei mest kjente nazistane etter 2. verdskrig. Ein amerikansk psykiater blir sett til å vurdere den mentale tilstanden til nazi-eliten, og det er spesielt møtet med Hermann Göring (solid spelt av Russel Crowe) som fascinerer – og gir eit innblikk i korleis tilsynelatande vanlege menn kan kome til å utføre dei verste handlingane. Ingen norske kritikarar har vurdert filmen i skrivande stund, men dei utanlandske har stort sett bikka over til ganske greie tilbakemeldingar på filmen.

NÜRNBERG

Apropos menneska sin vondskap – og godskap: IO CAPITANO (italiensk, kan omsettast med «eg er kapteinen») rommar begge delane. Filmklubben viser oscarnominerte IO CAPITANO onsdag 26. november kl. 12. Matteo Garrone, regissøren, slo gjennom med «Gomorra» i 2008 – ei sannferdig skildring av korleis mafiaen i Napoli styrer folka som bur der. I IO CAPITANO sett han søkelyset på korleis to søskenbarn, på flukt frå Senegal, blir utsett for folk som vil utnytte dei – og andre som vil dei det beste: «IO CAPITANO slår oss som en bølge av desperasjon og hindringer, men også en hjerteskjærende varme, menneskelighet, og en stor dose nestekjærlighet», meldte filmklikk.no og trilla, som dei fleste andre, fem på terningen. 

IO CAPITANO

Her finn du meir både om filmane og tidene dei går: https://surnadal-kulturhus.no

Powered by Labrador CMS