ANNONSE: Surnadal kulturhus

Det toppar seg på kinolerretet
Utruleg sterk start på filmhausten i Surnadal – og no er filmklubben også i gang igjen.
For å ta den eldste filmen først, nemleg den filmklubben viser onsdag 8. oktober kl. 12:
Det er no førti år sia thrilleren VITNE TIL MORD («Witness») hadde premiere, men filmen held seg overraskande godt.

VITNE TIL MORD handlar i utgangspunktet om ein amish-gutunge som blir vitne til eit mord på ein politispanar, og korleis ein etterforskar (spelt av Harrison Ford) prøvar verne han og mora mot å bli drepne av mordarane.
Men dette er også langt meir enn ein spenningsfilm. Regissør Petter Weir brukar drapssaka til å skildre eit kulturkrasj og sett den svært så gamaldagse og strengt religiøse amish-sekta opp mot det moderne, heseblesande storsamfunnet.
Weir har også tatt opp liknande tematikk i filmar frå heimlandet, Australia, men er nok mest kjent for titlar som «Dagen er din» («Dead Poets Society»), «The Truman Show» og «Master and Commander».
Kinoen «slit» også med å få vist mykje god film, og må ty til både dag- og kveldstid for å få gjort seg ferdig.

Norske AFFEKSJONSVERDI (9 år) har vunne pris i Cannes og dei største optimistane meiner den ligg an til å bli nominert til mange oscars. To søstrer (Renate Reinsve og Inga Ibsdotter Lilleaas) har ein karismatisk regissør til far (Stellan Skarsgård). Etter å ha halde seg borte frå døtrene i altfor lang tid, vil han no ha med seg den eine søstera i ein komande film. Men det vil ikkje ho.
ONE BATTLE AFTER ANOTHER (15 år) handlar om ein avdanka og rusa tidlegare opprørar (Leonardo DiCaprio) som opplever at ein gamal fiende (Sean Penn) dukkar opp igjen, samtidig som dottera plutseleg forsvinn. Filmen har fått heilt overveldande kritikkar, seks-ar på seks-ar er dryssa over den.
Regissør er Paul Thomas Anderson, som er kjent for meisterverk som «There Will Be Blood» og «Magnolia». Sams for dei, og denne, er at filmane er lange – og sjåverdige. ONE BATTLE AFTER ANOTHER er på heile 2 t 41 min, MEN det er korte 2 timar og 41 minutt. Tida gjekk fort i kinosalen under surnadalspremieren 3. oktober, mellom anna takka vera eit drivande lydspor, gode skuespelarprestasjonar og med eit manus som verkar meir truverdig no enn da det vart skrive.
Det er framleis muleg å sjå godt besøkte BLÜCHER (12 år) – om den forvirrande situasjonen på Oscarsborg festning natt til 9. april 1940, og obersten (spelt av ein alltid solid Bjørn Sundquist) som må avgjera korleis dei skal handtere at fem krigsskip er på tur inn mot Drøbaksundet.
Elles er det på fallrepet med DANCING QUEEN 2 I HOLLYWOOD, mens to nye filmar er på tur inn: Den Stephen King-filmatiserte thrilleren THE LONG WALK og dokumentarfilmen om Noregs mest kjente krigsfotograf Harald Henden (HENDEN – REKVIEM FOR EN FOTOGRAF).
Alle kinofilmane, med visningstider, finn du her: https://surnadal-kulturhus.no/filmer/