ANNONSE:

Bilde frå storfilmen "Mank"
Bilde frå storfilmen "Mank"

«Mank» til Surnadal kino

«Mank» er godt muleg filmen som vinn Oscar i år, og den handlar om forløpet til det som ofte blir rekna som «verdas beste film» – sjølv om den aldri vann nokon Oscar.

Eller, vel det gjorde den: for beste manus. Og det er akkurat manusforfattaren til «Citizen Kane», Herman J. Mankiewicz, «Mank» handlar om. Mank (Gary Oldman) var ein drikkfeldig skribent som fekk tilgang til Randolph Hearst overdådige verd.

Ikkje berre var han skruppellaus og overmåte rik; Randolph Hearst hadde også ei langvarig affære med ein ung skuespelar, Marion Davies, som Mank utnytta brutalt da han skreiv historia om Hearst, forkledd som «Citizen Kane».

Dette er kanskje ikkje den lettaste introen til å få lyst til å sjå «Mank». Men skal ein tru kritikarane, har David Fincher levert eit storverk, og muleg årets oscarvinnar.

Fincher er mest kjent for filmar som «Se7en», «Fight Club» og «Gone Girl». I «Mank» går han attover til 1930-talet, stilsikkert filma i svart/kvitt, tillate for alle – men passar helst for dei vaksne. «Mank» går på kino frå fredag 27.11.

Det same kan seiast for «Gledelig jul», som går onsdag 25.11. Fin, norsk julefilm, men mest for dei vaksne. Da passar heller «Jul på Kutoppen» og «Dragevokterens jul» meir for dei yngre – og, ny frå fredag av, «Brillebjørn feirer jul».

"Gledelig jul"
"Gledelig jul"
"Brillebjørn feirer jul"
"Brillebjørn feirer jul"