ANNONSE:

Mats Mikkelsen – ikkje akkurat som «Det gode bondeliv» på NRK?

Faktisk veldig variert

Det har vore mykje sand i kinomaskineriet i det siste, men no er DUNE 2 ferdigspelt – og da blir det plass til mange nye filmar på Surnadal kino!

Den danske «westernfilmen» BASTARDEN går enno, og denne veka også på dagtid. Vi er tilbake til 1700-talet og Mats Mikkelsen spelar hardhausen, med bakgrunn frå hæren, som vil dyrke opp den karrige jorda på Jylland. Men han får motstand frå ein adeleg dommar som ser på området som sitt eige. Filmen (15 år) har stort sett fått fem på terningen.

STOR OPPSTANDELSE: Engelsk humor og inngangspris til å flire av

Onsdag 13. mars (kl. 12) avsluttar Seniorfilmklubben til våren med STOR OPPSTANDELSE (DEATH AT A FUNERAL). Engelsk humor, og det er som oftast eit kvalitetsmerke, og denne gongen med gratis inngang. Ingen har nokon gong betalt så lite for å flire av så mykje!

IBELIN: Ei nydeleg og rørande skildring av Mats Steen, barnebarnet til Reiulf Steen.

Meir til ettertanke er IBELIN, filmen om Mats Steen som døde av ein muskelsjukdom, 25 år gammal. Foreldra sørga over bortgangen og over at sonen hadde levd eit så isolert og einsamt liv grunna sjukdomen. Men det viste seg at Mats hadde eit stort – og nært – nettverk levd ut som karakteren «Ibelin» i dataspelet «World of Warcraft». IBELIN er ei blanding mellom dokumentaropptak og rekonstruerte hendingar og dialogar og har fått eineståande gode kritikkar – «et sterkt dokument over en ung mann som, til tross for store utfordringer, kom til å bety mye for mange» (NRK).

VICTORIA MÅ DØ: «Tarantino for 10-åringer» (VG).

Så kjem det endeleg ein ny familiefilm igjen, etter at VICTORIA MÅ DØ for siste gong no onsdag kveld. For på fredag dukkar KUNG FU PANDA 4 opp – åtte år etter at vi møtte pandaen sist. Ingen har vurdert filmen enno, men har du sett dei før, vil du sikkert også få med deg denne.

KUNG FU PANDA 4: Komisk, koseleg og klumsete kampsportutøvar.

DØDE MENN GÅR PÅ SKI har også premiere fredag 15. mars. Norsk film basert på Knut Nærums herlege krimkomedie frå 2002. I boka blanda Nærum inn litt Agatha Christie, ein dæsj André Bjerke («De dødes tjern») og krydrar heftig med eleganse og humor. God krimpåske!

DØDE MENN GÅR PÅ SKI: Blir fort dårleg stemning når ein har gløymt å kjøpe Kvikk Lunsj til påske
Powered by Labrador CMS