ANNONSE:
Tenning av lysglobe og vinterlys torsdag 20. november
Lokalt næringsliv inviterer store og små til kulturhusplassen kl. 18.00.
Surnadal næringsforening, Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank og lokalt næringsliv sørger for å lyse opp sentrum i Surnadal i mørketida med ny lyssetting.
Dei flotte snøkrystallane som vart hengt opp tidlegare i november, er del av ei trinnvis lyssetting for å skape koseleg jule- og vinterstemning i sentrum.
Torsdag 20. november kl. 18.00 inviterer næringsforeninga store og små til opning av den nye lyssettinga og tenning av ein flott lysglobe forma som ei stor julekule på kulturhusplassen.
Program
Kl. 18.00 blir det opning ved leiar i Surnadal næringsforening, Bergsvein Brøske og tenning av den store Globen. Surnadal Hornmusikk sørger for musikalsk julestemning og Surnadal jeger- og fiskerforening serverer gløgg og pølse med brød.
Vêrgudane spelar også opp i år med kvite kulisser som ramme for lystenninga.
Dette blir magisk!
--
Tekst og bilde er hentet fra Surnadal kommune sin hjemmeside.