ANNONSE - Surnadal JFF: 

To mennesker som står i elva, en fisker.

Laksefiske i Advokaten

Laurdag 7. juni kl. 12.00-20.00

Surnadal JFF inviterer til ein dag med laksefiske i Advokaten der målet er å rekruttere nye, unge laksefiskarar. Det er oppmøte ved Utigard Skjermoen, ca. 24 km frå Øye når du køyrer nordsida oppover. 

Målgruppa for arrangementet er dei som har litt erfaring frå før og som greier å fiske nokon lunde sjølve. To erfarne laksefiskarar vil vera tilgjengelege for deltakarane gjennom dagen. Dei vil dele av sin kunnskap om elv, fiskeutstyr og alt mogleg det er smart å lære noko om.

Har du eige fiskeutstyr, tek du med deg, men Surnadal JFF har til utlån om nødvendig, også vadebukser og redningsvestar. Send gjerne ein e-post til turid.saettem@hotmail.com om det er behov for noko på utstyrssida eller andre ting dei bør vite om.

Hugs solbriller! Det er viktig å beskytte augo når ein kastar med fluge! Gode og varme klede er fornuftig, gjerne fleire lag slik at du kan justere litt etter forholda. Surnadal JFF sørgjer for mat og drikke.

Aldersgrense for å delta: 12 år.

Sjå meir på friluftslivetsar.no eller på heimesida til Surnadal JFF!

Powered by Labrador CMS