ANNONSE:

«Seniorkino» i Surnadal

Surnadal kino viser no film fem-seks dagar i veka, og frå onsdag av blir det også innført honnørbillett på dagkino i ei stund framover.

Det blir vist «seniorkino» klokka 13 på alle kvardagane frå onsdag av, og til neste helg. Og det er litt av eit kobbel av filmar som vil gå:

Først ute, på onsdag, er «Dune». Det er ein av dei aller beste science-fiction-filmane frå dei siste ti-åra. Imponerande scenografi og ei «vaksen» handling gjer at alle, som ikkje mislikar sjangeren, bør få med seg den. Ikkje at det er viktig, men filmen har også enkelte scener tatt opp ved Stadt.

DUNE

Dokumentarfilmen «John – Den siste norske cowboy» vil gå både torsdag og i neste veke. Filmen kan vel samanliknast med «Søsken til evig tid», også gjort av same regissør. John er ein godlynt ungkar på 94 år som bur på ein gigantisk gard i Montana, USA. Han kunne modernisert drifta, men held på «gammalmåten». Møtet med John er lunt og minneverdig – og kan også gi eit anna perspektiv på korleis ein sjølv lever.

Fredag 29. oktober smell det frå James Bond. «No Time To Die» har også, som kjent, scener tatt opp her til lands, og til og med på Nordmøre.

Forutan «John – Den siste norske cowboy», går det også tre andre norske filmar i første novemberveka: prisvinnande «Verdens verste menneske», katastrofefilmen «Nordsjøen» og dokumentarfilmen om «Aksel».

Aksel
Verdens verste menneske

Heile programmet finn du på www.surnadal-kulturhus.no

Sjølv om kinoen kallar dette «seniorkino», er sjølvsagt absolutt alle velkomne på dagkino. For mange passar det best, både med tanke på arbeid og andre gjeremål. Men det spesielle for denne perioden er at kinoen opererer med honnørpris. Møre og Romsdal fylke spanderer mellomlegget (til vanleg pris) gjennom ordninga «Den kulturelle spaserstokken». Og pengane spart kan gjerne reinvesterast i ein kaffekopp før eller etter kinoen, for å komplettere den sosiale hendinga som kino er.

Kinoen har også planar om eit liknande tilbod til vinteren.

Powered by Labrador CMS