Surnadal kino

Mann med pinsett og ostebit på et fat
Jon Øigarden prøver å få nokon til å gå i fella

Plenty å velje mellom

Seks filmar på Surnadal kino denne veka – og med to noregspremierar.

Publisert Sist oppdatert

Familiefilmen «HVIS INGEN GÅR I FELLA er en hysterisk morsom og spennende actionkomedie som kan bli en ny, norsk juleklassiker», skriv Aftenposten. Og dei er ikkje åleine om å vere svært raus med terningkastet for filmen. Tittelen er stolen frå Prøysen, men filmen liknar nok meir på «Hjemme alene»-filmane. HVIS INGEN GÅR I FELLA (aldersgrense 6 år) går jamt denne veka.

Det gjer også den norske animasjonsfilmen REISEN MOT NORD (6 år) som er basert på H. C. Andersens eventyr «Snødronningen»: «Storslått norsk variant av Disneys FROST», melder Adressa. Og storslegne nordnorske landskap sel også bra ute: 56 land, så langt, har kjøpt filmen. Kritikarane legg seg på kring fire på terningen.

Johannes Høsflot Klæbo stod også for litt av eit eventyr under ski-VM i Trondheim. Dokumentarfilmen KLÆBO skildrar den tunge forhistoria fram til gulla vart sikra: «KLÆBO er (…) en fin film om ofrene som ligger bak de utrolige resultatene», NRK Filmpolitiet (4 på terningen).

Mann sitter i bar overkropp på en benk
Den med mest "meg-tid" før eit meisterskap

Det kan også vere eit slit å arbeide i heimesjukepleia, men utan å bli krona med gull i etterkant. Danske HJEM KJÆRE HJEM går i Filmklubben onsdag 19. november kl. 12 og Aftenposten meiner den er ein av dei viktigaste filmane i år. Adresseavisen hiv seg på og vil anbefale filmen sterkt, også av di dei meiner den er like aktuell i Noreg som i Danmark. Filmen tek for seg det aukande tidspresset som gjer det utfordrande å gi den omsorga 32 år gamle Sofie kjenner ho bør yte, både på arbeid og heime.

To amerikanske premierer denne veka, begge eit godt stykke unna nordisk kvardag: Onsdag kjem oppfølgaren WICKED: FOR GOOD (9 år). Musikalen, med Cynthia Erivo og Ariana Grande i hovudrollene, har ikkje nådd kritikarane enno, men dei som har sett filmen er visstnok fortrylla.

Meir trylling: Fredag 21. november kjem den tredje filmen om magikarane (og svindlarane) i NOW YOU SEE ME: NOW YOU DON’T (9 år). Det er ein såkalla «heist-film» – altså filmar som skildrar utspekulerte kupp, innbrot og slike fantestrek – og Woody Harrelson, Jesse Eisenberg og Morgan Freeman sørger for kontinuiteten i filmane.

 

Tider og meir presentasjon av filmane finn du på https://surnadal-kulturhus.no

Powered by Labrador CMS