Indre Nordmøre Senioruniversitet annonserer:
"Jeg begriper det ikke"
Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til ny samling i kinosalen på Kulturhuset onsdag 15.04.2026 kl 12:00. Tidlegare generalsekretær i Pensjonistforbundet, Harald Olimb Norman, held foredrag med tittelen «Jeg begriper det ikke.»
Den tidlegare generalsekretæren i Pensjonistforbundet lovar eit irriterande, inspirerande og humørfylt foredrag om kvardagen for oss eldre.
Foredraget handlar mellom anna om alderisme, pensjon, teknologi, tannhelse, frivilligheit, dei store og små pengane, kultur, helseforebygging, bu heime eller på sjukeheim, trafikksikkerheit og gangvennlegheit.
Etter foredraget blir det kaffe med noko attåt.
Kjøp gjerne billettar på førehand,
kr 150 for medlemmar og kr 250 for andre på
www.surnadal-kulturhus.no/kulturprogram