Kor tung er ei sorg? Spørsmålet er like dumt som å spørje etter kor langt eit tau er.
Eller – for å bruke ord frå då de fekk høyre tilsagnet om kor langt syndene våre reiser når Gud tek dei bort: Så langt som aust er frå vest.
Kor tung er ei sorg? Det kjem seg an på så mykje som korkje eigner seg til måling eller veging.
Nokon av oss er beskjedne og held det meste av tankane våre for oss sjølve, mens andre av oss kan eksponere oss gjennom detaljert skildring av lidelse og smerte – på lik linje med skildring av barnefødslar.
Då blir utsagn av typen «du anar ikkje kva eg har lidd» ståande som noko som gjer oss betydningsfulle. Kan me ikkje gjera oss bemerka på andre måtar, så kan me i alle fall gjera det gjennom å eksponere sorgane våre.
Slikt er til å leva med. Verre blir det når folk med ekstra lidelseskompetanse kjem og liksom skal trøyste: Då blir det berre på liksom. Eg veit inderleg vel korleis du har det, for høyr berre kor hardt livet har fare med meg – osv osv
Slikt blir det ikkje trøyst av. Dette er berre eigeneksponering på bekostning av andre som har det vondt. For ingen av oss veit korleis det er å vera deg, ut over det me må kunne ane og ut over det du fortel sjølv. Er det noko som er sant, så er det den hjelpelause floskelen om at orda ikkje strekk til.
Og er det så sikkert at du vil fortelja alt? Er det så sikkert at det du syrgjer over, berre er det som var godt?
Kan hende har du gått lenge med ei sorg over det som var vondt også? Kan hende syrgjer du vel så mykje over alt som ikkje vart som det skulle – om det så handla om din eigen dumskap og dine eigne svik eller det var andre som ikkje klarte å vera det dei skulle for deg?
Å syrgja over det som vart vondt, over knuste draumar og sjanser som gjekk ifrå oss i det me hadde av relasjonar som sleit oss ut, det blir nesten som ei skam i lag med alle som tilsynelatande syrgjer over å ha mista noko som gjorde livet meir meiningsfullt og godt.
Sorg er så mangt. Og mange av oss bèr livssorg i tillegg til sorga over den som er død.
Med sitt av sår og av draumar som vart knust før dei vart noko av.
Sorg er så mangt. Det vera seg livssorg over forventningar og draumar som aldri vart innfridd. Det vera seg utdanninga det ikkje vart noko av, eit samliv som med fordel kunne fungert betre, born som vender foreldra sine ryggen – rett og slett skuffelsar over andre og kanskje mest av alt over oss sjølve.
Ein kan føle seg både liten og dum og makteslaus av mindre.
Så sorga kan altså ha fleire sider samtidig. Me kan sørge over det, eller den, me har mista.
Og me kan sørge over korleis me brukte dagane våre på å slite kvarandre ut – eller sjølv bli utslitt – på ein måte som slett ikkje vart konstruktiv. Snarare tvert om.
Sorg over det vellukka der døden skilte oss.
Sorg over det mislukka der døden sette stoppar for meir slitasje, men også for ei mogeleg forsoning og gode forsett.
Sorg over døden som vart feil. Eller sorg over livet før døden, som også vart feil.
Korleis finne ut av dette, slik at sorga blir lindra og livet leveleg?
Ingen av oss syrgjer på same måte. Sorg er like ulik som folk er det.
Og likevel: Uansett kor forskjellige me er, kor forskjellig måte me har å vera vellukka eller mislukka på, kor ulike bagasje me har av opplevd og ikkje-opplevd kjærleik, så har Jesus den same omsorgen for oss alle.
Han gjer som kongen vår og snakkar om flokken sin. Men mens kongens flokk er begrensa til den nære kjernefamilie, handlar Jesu flokk om alle han ynskjer å gje livet for – og ikkje minst livet til.
Dette at Jesus gjev livet for oss, det er barnelærdom for dei fleste. Me lærte noko om synd og død som følge av Eva og Adam på epleslang – eller kva dei no enn stjal.
Og me lærte noko om han som kom til jorda for å gjera det godt att gjennom å bli ofra og overgitt til døden for så å beseire både djevel og død då han stod opp att ifrå grava.
Barnelærdommen er ein god bagasje og ballast, berre me vil benytte oss av den. Så kan me òg vera blant dei som kjem til Jesus, for så å oppleva at me ikkje blir støtt bort.
Kva me kan koma til Jesus med? Me kan faktisk koma med noko så enkelt som behov for trøyst. Eller me kan koma med livet vårt, slik det vart.
Inklusive det me måtte ha av behov for å ... uansett alder eller status ... behov for å vera oss sjølve, om me føler oss små eller veike, om me kjenner på skuffelsar eller sinne, eller om det rett og slett er forsoning me treng.
Og det er gjerne forsoning me treng mest av alt: Forsoning med at livet vart som det vart – no når døden har ramma nokon me var glad i og er overlatt til ei sorg som me slit med.
Eller forsoning med at livet vart som det vart – no når døden har ramma nokon me rett og slett sleit med å vera glad i, og er overlatt til ei sorg over at det vart som det vart.
Forsoning handlar om å koma til einigheit med.
Ofte må det skje med vilje til tilgjeving som premiss. Eller plassering av skuld der den høyrer heime, slik at skammen som ikkje er vår heller ikkje skal tynge oss lengre.
Skal me forsone oss med Gud, må me finne oss i å ta imot tilgjevinga han byr oss gjennom Jesus. Skal me forsone oss med oss sjølve, må me like eins finne oss i at skammen ikkje skal hemme oss lengre og heller ta imot oss sjølve med den same nåden som Jesus byr oss.
Det er ein hard kur for den som er van med å fara ille med seg sjølv å heller ta imot seg sjølv med nåde. Men umogeleg er det ikkje. Like lite umogeleg som å sjå håp i Jesu oppstandelse frå døden.
Sjeldan er me tydelegare del-eigarar i dette levande håpet enn når me deler nattverd og høyrer kva me er med på – om enn me ikkje ser det enno: Me er i lag med Guds menigheit i himmelen og syng hans pris med samstemmig jubel.
Ein dag skal det bli. Og enn så lenge held det levane håpet oss … levande.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.