Annonse
Museet i Bøfjorden:
Tema fraktefart
Museet i Bøfjorden vil løfte fram lokal sjøfart. Søndag blir det fotokåseri om fraktefarten.
Lokale sjøfolk og farty frakta både skrei til kleppfiskberga og sand til byggeindustrien.
Flotte farty, arbeidsprosessar og ramsalte sjømannhistorier dukkar fram over kaffekoppen.
Slofarten med fisk frå Lofoten og sandskutene som bidrog til gjenreisinga av Kristiansund by etter krigen er sentrale innslag i biletkåseriet.
Og kjøkenet har kaffe, kaker, pølser og brød.