Sparebankstiftelsen sikra fullfinansiering av ny tråkkemaskin
Tysdag morgon troppa Karina Wigum, Linn Hamnes, Nils Inge Aasgård og Jostein Kvendset frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank opp Surnadal Alpinsenter.
Styreleiar i Surnadal Alpinsenter, Vidar Ulvestad og dagleg leiar, Helge Røv tok imot og serverte kaffe.
Etter kvart kom det fram at besøket ikkje berre var eit tilfeldig kaffebesøk, for Karina Wigum frå Sparebankstiftelsen tok etter kvart fram ein sjekk på ein million til ny tråkkemaskin. Dette var ei gåve som fekk både styreleiaren og dagleg leiar til å glise frå øyre til øyre.
– Der fall den siste biten i finansieringa på plass, sa Vidar Ulvestad og Helge Røv nøgd i kor.
– Dette var ei stor og fin gåve vi verkeleg sett pris på og er takknemlege for, sa Ulvestad da han takka representantane frå Sparebankstiftelsen.
Alpinsenteret er viktig for bygda
– Surnadal Alpinsenter er viktig for Surnadal kommune både med tanke på bo-lyst og som eit trekkplaster for å folk til å komme til kommunen, sa Jostein Kvendset frå Sparebankstiftelsen.
– Ja, alpinsenteret er viktig for kommunen, og vi hadde vært mye «fattigere» uten dette anlegget, og da er det ei glede å kunne gje ei slik gåve, la Linn Hamnes til.
Lokalt og regionalt anlegg
– Anlegget er heilt klart viktig for oss som bor i kommunen, men anlegget har også blitt viktig regionalt. Det ser vi på besøket hver vinter, sa dagleg leiar i Surnadal Alpinsenter, Helge Røv.
– Vi har et anlegg å være stolt av, repliserte styreleiar Vidar Ulvestad.
Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank sikra fullfinansiering
Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank sikra med sitt bidrag på ein million fullfinansiering av ny tråkkemaskin i alpinsenteret.
– Ja, no er vi i mål finansielt, konstaterte Røv.
– Ei ny driftssikker tråkkemaskin er heilt avgjerande for å kunne ha stabil drift i alpinanlegget la han til
Tråkkemaskina har ein prislapp på fire og ein- halv million. Av dette er halvparten lånefinansiert, medan den andre halvparten kjem frå lokalt i form av støtte frå lokalt næringsliv og stiftingar.
Takkar lokalt næringsliv for støtta
– Eg vil takke alle bidragsytarane for støtta, og spesielt støtta frå det lokale næringslivet. Støtte frå dei viser at dei har trua på det vi held på med og meiner alpinanlegget er viktig for kommune vår, sa Røv.
Dei økonomiske bidraga til den nye tråkkemaskina kjem frå:
Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank kr. 1.000.000
Nordenfjeldske Bykreditt Stiftelse kr. 300.000
SpareBank 1 Nordmøre, gåvemidlar kr. 100.000
SpareBank 1 SMN, gåvemidlar kr. 150.000
Svorka kr. 100.000
Lokalt næringsliv kr. 300.000
Surnadal kommune, Næringsfondet kr. 300.000
Den nye tråkkemaskina har vore i alpinanlegg på prøve no i vinter, så den vil no bli bestilt og levert i god tid før sesongen tek til. Den nyaste av dagens to tråkkemaskiner vil bli med vidare, slik at anlegget har ei reserveløysing ved service og vedlikehald på den nye tråkkemaskina.