Todalen historielag
Flott 150-årsjubileum for storspelemann Halvor Ørsal
Laurdag kveld inviterte Todalen historielag etterkommarar og bygdefolket til 150-årsjubileum for storspelemannen Halvor Ørsal, eller aller best kjent som Hallvard Ørsal. Han var fødd 22. desember i 1875 på Nertrøå i Ørsalbukta like ved elva Haukåa.
Helge Husby og Tor Erik Jenstad, som båe er habile spelemenn og mellom anna har vore med i Hørkelgaddan, hadde sett saman eit interessant historisk og musikalsk program som på ein fin og informativ måte skildra livet til Halvard (1875 – 1943). Helge hadde fått mykje av informasjonen frå Trygve Ørsal, sonen til Hallvard. Trygve var busett i Straumsneset og dreiv som bunadssaumar og litt som spelemann. Det finst ikkje lydopptak av Hallvard spele, da dei siste opptaka som var gjort gjekk tapt under tyskarane si bombing av Kristiansund i 1940.
Hallvard er nok ein av dei største spelemennene som har vore på Nordmøre og han hevda seg godt også på landsbasis. Allreie i konfirmasjonsalderen vart Hallvard mykje bruka som spelemann i bryllup og andre tilstelningar der det var musikk, og mora Ane Johansdotter var ein stor inspirator for han. Hallvard komponerte også eigen musikk, sjølv om sonen Trygve, siste gongen Helge besøkte han på aldersheimen sa: «Han far laga egentleg ikkje nå slåttar han, det va ho bessmor det – så sett`n innpå».
Les mer om jubileet og om Halvor Ørsal på Todalen.no