ANNONSE:

Åsskard kyrkje søndag: Konfirmantar i fokus

Blant haustens høgdepunkt i Åsskard-kyrkja er den "doble konfirmantdagen" da nye, unge og vaksne, jubilerande konfirmantar set fest og farge på gudstenesta.

Her blir komande vinters konfirmantar presenterte for kyrkjelyden sin. Dei kjem til å prege kyrkjelivet i tida som kjem.

Samtidig set "geilkalvane" frå 1972 kvarandre stemne. Soknerådet arrangerer 50-års konfirmantjubileum med treff i kyrkja og middag med hyggeprogram på Bøfjorden Sjøbruksmuseum etterpå.

Soknerådet har elles bestemt at dagens takkoffer går til TV-aksjonen for Leger Uten Grenser.

Powered by Labrador CMS