Aktivitetskveld i Kyrkjestua:

Barn og voksne lager hobbyting rundt et bord fullt av fargerike materialer.
Rundt borda var små og store i kreativ aktivitet.

Påskepynt og god stemning

Tysdagens påskeverksted i Åsskardkyrkja samla litt færre aktørar enn vanleg. Mange tilbod kolliderte denne kvelden. Men at barna har mykje å velje imellom, er jo i seg sjøl berre positivt.

Publisert

- Og det var stor stemning og mykje kreativitet blant dei som kom, seier leiar og instruktør Randi Vetleseter Bøe. Ho stilte med utstyr og idear som deltakarane så å seie kasta seg over.

Formingstimen gjekk med liv og lyst. Arbeidsinnsatsen var upåklageleg. Med saks, lim og fargeutstyr vart papir, fjær, beger og dorullkjerner til artig og dekorativ påskepynt.

Papirfugler laget av pappkopper og doruller på et trebord
Enkle materialar av dorullar, pappbeger og anna vart til fine, ja – smilande - påskefigurar.

Til slutt serverte soknerådets Kari Johanne nydeleg kveldsmat. Og ved matbordet var stemninga stor som alltid på slike kveldar.

Kyrkja kan vera arena for mykje kreativt samver. Og påbygget «Kyrkjestua» i Åsskard, som Magnus Sætervik Aasgaard reiste etter initiativ av sokneprest Ingvaldstad i 1960, er eit ideelt lokale for treff av alle slag.

Ikkje minst når små og store kan samlast til skapande aktivitet som denne marskvelden.

Tre personer lager hobbyprosjekter ved et kjøkkenbord fullt av fargerikt utstyr.
Instruktør Gunnhild Vetleseter Bøe hadde lærevillige formingselevar.
Kari Johanne sørga for godsaker å bite i.
Powered by Labrador CMS