ANNONSE:

Leiar Eva Jorid Svendsen og soknerådet oppfordrar til mannjamn dugnad måndag.

Dugnad ved Åsskard-kyrkja

Måndag oppfordrar Åsskard sokneråd til målardugnad på kyrkjegarden attmed kyrkja.

– Vi skal måle gjerde, reiskapshus og søppelskur, seier leiar Eva Jorid Svendsen. – Dessutan må vi sage ned tre og kratt attmed elva som renn forbi. Og der trengst det motorsag!

Soknerådet håpar mange denne gongen set av tid til felles innsats på denne viktige delen av kyrkjeområdet. – Det betyr mykje for dei som besøkjer gravstaden at den er velstelt og verdig, seier Eva.

Til gjengjeld lovar ho servereing av pølser, brød, bakels, kaffe og saft.

Dugnaden startar i ti-tida om føremiddagen måndag 25. juli. Soknerådet skaffar måling og utstyr.

– Og vi blir tidleg ferdige, i alle fall viss oppslutninga blir så bra som vi håpar og trur! seier leiaren.

Powered by Labrador CMS