ANNONSE:

En figur med stort hår og en ku på scenen

– Dette blir gøy!

Det lovar i alle fall Teatret Vårt når dei laurdag 20. april kjem til Surnadal kulturhus med «Norsk sangbok – Eit humoristisk skråblikk på det å synge saman».

Teatret Vårt ønsker velkomen til ein minneverdig kveld med både nostalgi og moderne tolkingar av høgdepunkta i Norsk songbok. Det ligg an til ein strålande konsert med songglede, musikk, humor og ein god dose galskap når det norske fellesskapet vert sett på prøve.

En mann med diverse kjøkkenutstyr foran seg

Ei kreativ og entusiastisk songgruppe har laga eit kor, med visjon om samsong og samarbeid. Det ser ut til å vera eit harmonisk fellesskap. Idéen er god, dette kan vel umuleg gå gale? Korleis handterer dei situasjonen når nokre av medlemmane i koret startar å avvike frå planen?

En mann i helsetrøye har hvitt søl på hodet

Norsk songbok har gjennomgått stadige fornyingar. Med eit mangfald av songar som speglar det norske fellesskapet, presenterer Teatret Vårt eit variert utval frå tradisjonelle viser til moderne poplåtar. Her kan du synge med eller berre nynne til nye versjonar av kjende slagarar. Blant høgdepunkta kan vi nemne; Se ilden lyse, No livnar det i lundar, Det handler om å leve, Har en drøm om å komme hjem, Dei gamle fjell i syningom, Eg veit meg eit land, Mor eg vil tilbake og For vår jord.

Tre mennesker kledd i hvitt synger på en scene

Forskarar har bevist at vi får ein hormonell lykkedusj når vi syng, likevel syng vi no stadig sjeldnare i skulen, på sjukeheimar og under sosiale arrangement. Betyr det at sjølve fellesskapen syng på siste verset?

En mann sitter på en plastikku

Med innkomsten av vår blir lufta fylt av kvitrande fuglar og vi kjenner på trongen til å synge høgt og fritt. Koret i Norsk songbok håpar at akkurat denne konserten kan vekke oss til liv – «No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid».

«Norsk sangbok» får du oppleve frå scena på kulturhuset laurdag 20. april kl. 19. Og hugs: Det blir gøy!

Fire mennesker på en scene
Powered by Labrador CMS