Logoen til Surnadal kommune

Vil du etablere deg som fotterapeut i Surnadal? Vi legg til rette.

Er du autorisert fotterapeut og nysgjerrig på moglegheitene for å drive eiga verksemd i Surnadal? Kommunen ønsker å legge til rette for eit godt og stabilt fotterapitilbod og inviterer no interesserte fotterapeutar til å ta kontakt. Vi kan mellom anna tilby eigna behandlingsrom ved Surnadal sjukeheim.

Publisert Sist oppdatert

Vi kan tilby behandlingsrom ved Surnadal sjukeheim

Er du autorisert fotterapeut og vurderer å etablere eiga bedrift – eller ønsker du å utvide bedrifta du allereie har?

I Surnadal er det behov for meir kapasitet innan fotterapi. Surnadal kommune ønsker derfor å legge til rette for at ein sjølvstendig næringsdrivande fotterapeut kan etablere eit godt og stabilt tilbod i kommunen.

Kommunen kan tilby eigna behandlingsrom ved Surnadal sjukeheim på vilkår som skal gjere det enklare å etablere eit lokalt fotterapitilbod.

Her får du drive eiga bedrift i nærleiken av eit etablert helse- og omsorgsfagleg miljø. Arbeid med ulike brukargrupper kan også gi verdifull erfaring og fagleg utvikling. Vi ønsker derfor også interesse frå deg som er nyutdanna og har autorisasjon som fotterapeut.

Du driv eiga verksemd

Som sjølvstendig næringsdrivande styrer du di eiga verksemd og står sjølv for mellom anna timebestilling, administrasjon og fakturering. Du kan tilby tenester til bebuarar ved sjukeheimen, heimebuande og andre innbyggarar.

Kommunen kan i enkelte tilfelle også ha behov for å kjøpe fotterapitenester. Slike oppdrag og vilkåra for dei blir avtalte særskilt. Vi garanterer ikkje eit bestemt omfang av oppdrag.

Kven ønsker vi å komme i kontakt med?

Vi ser i utgangspunktet for oss å inngå avtale med éin fotterapeut. Dersom fleire melder interesse, vil vi mellom anna legge vekt på kapasitet og tilgjengelegheit og moglegheita for å gi eit stabilt tilbod i Surnadal.

Nærare vilkår for bruk av lokale, leige, oppstart og praktisk gjennomføring blir avtalt med den aktuelle tilbydaren.

Nysgjerrig på om dette kan vere noko for deg?

Ta gjerne kontakt med einingsleiar ved Surnadal sjukeheim, Jenny Nordheim på telefon 48 20 96 41 eller send ein e-post til jenny.nordheim@surnadal.kommune.no for ein uforpliktande prat. 

Meld di interesse innan 30.10.2026.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune sine nettsider.

Powered by Labrador CMS