Ledige løyver for leigekøyring i Surnadal
Surnadal kommune har ledige løyve for leigekøyring med snøskuter. Desse blir no lyste ut for fem sesongar, med oppstart komande vinter.
Leigekøyringsløyve kan etter forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag givast til fastbuande som med snøskuter i næringsmessig samanheng vil ta på seg:
transport mellom bilveg og hytte,
tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigaren,
transport for massemedia på reportasjeoppdrag,
transport av personar med funksjonsnedsetjing,
transport av ved,
transport etter dispensasjon med heimel i forskrifta § 6.
Det er ein føresetnad at søkjaren er busett i eller nær Surnadal kommune.
Søknadsfrist: 31. oktober
Løyvet til leigekøyring gjeld for vintersesongane 2026/2027 til 2030/2031.
Det er 15 løyve som blir fordelte slik:
1. Todalen – 1
Strengen/Syltnebba/Kvenndalen/Østbødalen – 1
Stangvik – 1
Vindøldalen – inntil 4
Folldalen – 1
Østre Nordmarka – inntil 2
Vestre Nordmarka – inntil 2
Bæverdalen – inntil 2
Bæverfjord/Åsskard/Sollislett/Bøfjorden – 1
For å søkje, fyller du ut søknadsskjemaet på nettsidene til kommunen.(Link til https://www.surnadal.kommune.no/tenester/natur-og-miljo/motorferdsel-i-utmark/leigekoyring/)