Surnadal kommune melder:

Ny oppfriskings­dose: Innkalling av alle 65 år og eldre

FHI anbefaler ny oppfriskingsdose til alle 65 år og eldre.

Innkalling av restrerande 75 år og eldre

Vi ønskjer å sikre at vi først når alle personar frå 75 år og oppover. Dei som enno ikkje har ringt og bestilt seg time, får ei tekstmelding frå c19 på mobilen sin med tilbod og lenke for å takke ja eller nei. Det er fint om pårørande er klar over dette og følger opp dei som treng bistand til å svare på innkallinga.

Det er sett opp ein ekstra vaksineringsdag på Familiens hus (Gammelbanken) 22. august for denne målgruppa. Dette i tillegg til datoane 15., 19. og 29. august.

Oppstart av aldersgruppa 65 - 74 år

I følge FHI er det venta at det vil komme nye tilpassa variantvaksiner ein gong i september, men at det framleis er usikkert når desse vil vere tilgjengelege og kor mykje betre dei er.

Det er også usikkert kor tidleg ei sensommarbølge/haustbølge kjem og kor kraftig den blir, og Folkehelseinstituttet vurderer at vi ikkje bør vente til langt utpå hausten med oppstart av vaksinering med ny oppfriskingsdose til aldersgruppa 65 - 74 år.

Alle i aldersgruppa 65 - 74 år får difor tilbod om vaksinering med ny oppfriskingsdose i september. Innkallinga blir sendt som tekstmelding frå c19.

I tråd med anbefalingar frå FHI tek vi utgangspunkt i bruk av same vaksinetype som sist. Vi vil informere ved eventuell endring.

FHI kjem med oppdatert vurdering for personar 18 - 64 år med underliggande risiko. Personar med alvorleg svekka immunforsvar kan allereie få tilbod om ny oppfriskingsdose etter vurdering av spesialisthelsetenesta, uavhengig av alder.

For meir informasjon, sjå heimesida til FHI.

Dette er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS