Namnekonkurranse i Surnadal IL:

To artige typar.
To artige typar.

Kva skal maskotane heite?

Publisert Sist oppdatert

Mange har vel lagt merke til desse to artige typane i Surnadal idrettshall i vinter. Ei ku og ein rev, som ifølge leiar i Handballgruppa i Surnadal, Elin Mo, representerer Surnadal godt, med både ut- og innmark.

–Maskotane vart kjøpt inn for å vera med å skape litt liv på minicupen. Der hadde dei i oppgåve å dele ut frukt til ungane, seier Oddrun Husby, som er sekretær i Handballgruppa i Surnadal.

– Sjeldan vi har sett så mange ungar ete så mykje frukt.

Oddrun fortel at det er mange som har lyst til å kle på seg maskotdraktene, så dei har vore med på både cup og kampar.

– Dei er supergode til å spreie glede i hallen. Dei elskar ungar, og dei likar å danse og leike seg, sier Oddrun.

Idrettslaget treng no kreative innspel til kva namn dei skal få.

Har du eit godt forslag?

Send namneforslaga dine til leiar i handballgruppa Elin Mo, på adresse: [email protected]

Powered by Labrador CMS