ANNONSE:

Plakat fra surnadal bibliotek angående deres lesesirkel.

Lesesirkel og pusterom

Surnadal bibliotek med fleire spesielle tilbod dei komande vekene – og med nye digitale tenester.

Lesesirkel

Det vil bli igangsett tre lesesirklar i dei neste par månadane. Første boka det skal pratast kring er svenske Karin Smirnoffs «Jeg dro ned til bror», og det torsdag 2. mars kl. 19.

Lesesirkelen er lagt opp slik at ein les kvar for seg, og så samtalar om boka på Lesesirkel-treffet over ein kopp kaffe eller te.

Neste bok ut er «På jorda er vi glimtvis vakre» av Ocean Vuong, og lesegleda over den boka blir delt torsdag 30. mars.

Biblioteket hjelper sjølvsagt til med å få lånt bøker til deg, men det er fint om ein melder frå tidlegast muleg ved bokutlån.

Vil du dele leseopplevinga med andre ved å vere med i sirkelen, må du melde deg på til biblioteket via e-post (biblioteket@surnadal.kommune.no), facebook, på mobil eller ved SMS (tlf. 47 68 07 97).

Litterært pusterom

Biblioteket har gode leseleiarar som inviterer til «litterære pusterom» ein gong i månaden.

På desse kveldane blir det høgtlesing av noveller og dikt og så samtale kring tekstene ein har hørt. Det er eit veldig uforpliktande opplegg for ei lita gruppe, kort sagt: heilt «ufarleg» å vere med på.

Neste litterært pusterom er onsdag 8. mars kl. 18 og påmelding på same vis som for lesesirkelen. Er du inne på facebook, kan ein også melde seg på i kommentarfeltet i innlegget om «litterært pusterom».

Nye digitale tenester

Du kan låne e-bøker (også lydbøker) gjennom biblioteket. Og ein har også tilgang til tre ulike filmtenester.

Du kan også få tilgang til kring 7000 papiraviser og tidsskrift frå 125 ulike land gjennom pressreader. Gå inn på https://www.surnadal.kommune.no/bibliotek/tjenester/digitalt/ for å lese meir om desse digitale tenestene til biblioteket.

Powered by Labrador CMS