Surna 4H på fylkesleir på Kleive
Fredag 26. juni satte åtte unger seg på bussen mot Molde, og to unger og fire vaksne i tre biler stappfulle av telt, soveposer og pikkpakk. Målet var fykesleir i 4H på Kleive.
Vèrgudene var ikkje heilt på vår side, men telt kom opp mellom bygene.
På laurdag var det aktiviteter:
Barna ble kjørt ut til aktivitetene dei hadde meldt seg på. Somme var på "Høyt og Lavt", andre var på paintball, bowling eller minigolf.
Vi kosa oss sjøl i plaskregn og steikende sol. Dei fleste av gjengen har vore på leir fleire gonger før, og fann sine faste vener. Dei forsvann, og var mest ikkje sjå gjennom heile opphaldet.
Temaet for leiren var "Gøy på landet". Vi hadde opptog på laurdag der vi kledde oss i landbruksrelaterte kostymer som t.d. høner, kyr, lam, cowboyar, gartnarar, budeier osb. Vi pynta tuna våre.
Vi som var på leir frå Surna 4H: Berit Bævre, Anna Sofie Roaldset, Kristian Lu, Harald Lu, Samuel Gebrezgabier, Ruftana Gebrezgabier, Aimee Foss Kalvik, Simone Akrim, Astrid Lovise Strand, Alida Margret Jensen, Unni Bævre, Berit Mauset Bævre, Ingunn Mauset og Gro Marit Hakstad.