Vårkonsert i Storstuå

dirigent oppmed armene foran stort korps på scene
Det blei ei storslagen avslutning på vårkonserten da over 40 stk. frå Surnadal Hornmusikk og Sunndal Musikkforening slo seg saman på scena.

Såg du noko til kjerringa mi?

Det vart vårstemning med variert korpsmusikk frå store og små i Storstuå.

Publisert

Ragna Marie Mauset tok i mot publikum og ønska velkomen til denne vårkonserten på kulturhuset søndag 14. april. Sunndal Musikkforening satt klar på scena og starta med musikk frå Chicago og West Side Story. Korpset fekk "låne" dirigent Torgeir Bitnes, som òg har dirigert dei eit par år tidlegare. Korpset avslutta med nydeleg musikk av Eric Clapton. 

scene og publikum som finner plassene sine i en sal
Publikum finn seta sine i Storstuå.
dame på scene med mikrofon
Ragna Marie Mauset ønska velkomen til vårkonsert med dei tre korpsa.
korps og dirigent på scene
Sunndal Musikkforening
Torgeir Bitnes på en scene som snakker i en mikrofon
Torgeir Bitnes dirigerte både Sunndal Musikkforening og Surnadal Hornmusikk.

Så var det Surnadal Skulekorps sin tur til å gå på scena, saman med dirigent Torgeir Andresen, som har vore dirigent for dei i tre og eit halvt år. "Den kortare utgåva av Torgeir Bitnes" som Andresen sjølv omtala seg som. Til tross for at dei er eit skulekorps som består av 11 elevar, imponerte dei med flott musikk.

– Vi har ikkje vanleg korpsbesetning. Vi manglar eigentleg ein del instrument, men vi ser meir på det som eit band enn eit korps, seier dirigent Torgeir Andresen.

Korpset opna med "Festive Intrada" av Bjørn Magne Nyhagen og "Hedwig's Theme" frå Harry Potter. Andresen seier at dei eigentleg er for få i korpset til å spele begge låtane, men han tykkjer at dei er så flinke og at det høyrest bra ut uansett.

dirigent foran skolekorps
Torgeir Andersen og Surnadal Skulekorps.
skolekorps og dirigent på scene. gutt på trommer
Skulekorpset imponerte blant anna med musikk frå Harry Potter.

Vidare spelte korpset blant anna den norske folkevisa med det flotta namnet "Såg du noko til kjerringa mi?" og musikk frå Kardemommeby.

På dei nesten fire åra Torgeir har vore med skulekorpset fortel han at dei har vore på mange fine turar og spelt fine konsertar og hatt det mykje moro.

–Eg blir like imponert kvar gong eg høyrer dykk og tykkjer de blir berre betre og betre, sa Ragna Marie Mauset til skulekorpset.

Surnadal Hornmusikk kom deretter til scena for å bli med på skulekorpset sin siste song. Før dei byrja å spele kom Kristin Holten, leiar i Surnadal Skulekorps, til scena for å utdele ei gåve og ein takk til dirigent Torgeir Andresen. Dette var nemleg hans siste konsert med skulekorpset.

–Vi er mange som er utruleg imponert over kva de har fått til i løpet av desse tre og eit halvt åra, ut av ein så liten gjeng med musikarar, sa Holten.

Andresen fekk sjokolade og ei slipsnål med ein trompet på i gåve for sin innsats i korpset, noko som passa bra til ein som ikkje berre er ein fremragande dirigent, men òg ein utruleg dyktig trompetist, som Holten sa.

–Tusen takk for laget, Torgeir, og lykke til vidare, avslutta Kristin Holten.

mann og dame smiler på scene, tar hverandre i handa
Kristin Holten, leiar i Surnadal Skulekorps, sa takk til Torgeir Andresen som hadde sitt siste offisielle oppdrag med dei. Ho ga ei gåve på vegne av skulekorpset som takk for hans innsats i tre og eit halvt år!
korps og dirigent på scene
Skulekorpset og hornmusikken slo seg saman og spelte "Red Rock March".

Surnadal Hornmusikk og dirigent Torgeir Bitnes fortsette showet med blant anna "Vårsøg", som ga publikum både vårstemning og frysningar.

–Fin musikk! Eg byrja å høyre på Henning Sommerro lang tid før eg kom til Surnadal, fortalde dirigent Bitnes.

korps og dirigent på scene
Av Surnadal Hornmusikk fekk vi blant anna høyre "Voi voi" og "Vårsøg".
mann med gongong
Olav Mauset slo på den orginale gongongen.

Heilt til slutt blei det ei storslagen avslutning med eit storkorps på 44 stk. frå Surnadal Hornmusikk og Sunndal Musikkforening. Bitnes har dirigert begge korpsa og kjenner repertoaret godt.

Det første vi fekk høyre frå dei to korpsa var ukrainske Cherubic hymn arrangert for korps av komponist John Philip Hannevik. Bitnes forklarte at Hannevik forsøkte å få sjokket og fortvilelsen av krigen inn i musikken. Første gong den vart framført var under Oslo Brassfestival i april 2022.

Sunndal Musikkforening og Surnadal Hornmusikk avslutta med Nora Brockstedts "Voi voi" og Robert Lamms "25 or 6 to 4" før Mauset takka publikum for oppmøtet. Korpsa skal spele same konsert i Sunndal om to veker. Vi takkar for ein flott vårkonsert!

korps og dirigent på scene
Surnadal Hornmusikk og Sunndal Musikkforening avslutta konserten på hederlig vis
Powered by Labrador CMS