Annonse
ANNONSE: Stangvik historielag
Tur etter Kavlvegen 24. august
Stangvik historielag arrangerer tur etter Kavlvegen laurdag den 24. august, med oppmøte ved parkeringsplassen på Åsen kl. 11.00.
Undervegs på turen vil Oddvar Kvande og Erling Myrbostad fortelje litt om kva som foregikk i området Fuglleiken under deira oppvekst og litt frå tidlegare tider.
Ta gjerne med mat og kaffe, så tek vi ein rast ved/i kvilebua ved Lomtjønna.
Vel møtt til historisk vandring «oppå Eia»!