ANNONSE:

Stangvik historielag med nytt årsskrift

Stangvik historielag er ute med eit nytt, fyldig årsskrift. Dette er det 17. i rekka.

Redaksjonen, som består av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes, har sett saman ein variert stoffmeny frå laget sitt nedslagsfelt. I heftet kan ein mellom mykje anna lese om hundreårsjubilanten «Myrvang», utleige av fiske i Søya i gamle dagar og vegarbeidaren og skytebasen Anton Myrbostad. Lesaren får også møte Ole Flessen, idrettsmannen og eldsjela som fylte 85 år i 2023. Som vanleg innheld årsskriftet til Stangvik historielag mange interessante bilde frå eldre tider.

Heftet er no på veg ut til medlemmane. Det er å få kjøpt på bokhandlane i Surnadal og Sunndal, Joker Ålvundfjord og Matkroken i Todalen. Årsskriftet kan også kjøpast direkte frå historielaget.

Kontaktpersonar er
Einar Grønnes, tlf. 918 94 944
Marit Haugen, tlf. 480 49 218

Powered by Labrador CMS