Pressemelding frå Stangvik Historielag:

Nytt årsskrift klart for salg

Stangvik Historielag med nytt årsskrift

Stangvik Historielag er ute med årsskrift også i 2022. Dette er det 16. i rekka.

Redaksjonen har bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.

Innhaldet er snekra saman etter ei oppskrift som lesarane vil kjenne att. Her er mykje godt lokalhistorisk stoff, krydra med mange gamle foto.

Artikkelforfattarar i år er: Lars Kvande (dikt), Marit Haugen, Erling Myrbostad, Torbjørn Polden, Sturla Brørs, Svein Aarnes, Gunn Signe Aarnes, Ildri Kvande (dikt), Anders Sæterøy (redigert utdrag av avisartikkel frå 1938) og Odin Hals. Som vanleg har Mediahuset på Sunndalsøra levert grafisk arbeid frå øvste hylle.

Heftet kostar 150 kroner, og vert selt på lokale utsalsplassar. Ein kan også kjøpe årsskriftet ved å kontakte Marit Haugen eller Einar Grønnes direkte.

Powered by Labrador CMS