ANNONSE:

Mange mennesker som sitter ved kaffebord utendørs på et tun.
Markering av at multikunstnaren og todalingen Alf Ramsøy hadde fylt 100år 30.september, der 150stk var med på markeringa som var 14.september.

Bli med i "Venner av Skulstuå" i Todalen!

Skulstuå i Todalen er eit kulturhus for alle – eit hus som og rommar den frie kunsten og den frie tankje, in spe og i all sin prakt.

No er det tid for medlemskontingent. Medlemskap er ein viktig del av drifta vår – takk til alle som støtter oss! Medlemmar blir tilsendt eit vippskrav for medlemskap i 2025.

Vi ønskjer nye medlemmar hjarteleg velkomne! Har du lyst til å bli medlem av Venner av Skulstuå?

Vipps kr 50 eller valfritt beløp til vippsnr 590 343 eller til kontonr. 4040 16 21042, merk med VEN25.

Litt om arrangement framover:

  • Utstillinga FISK står i heile sommaren og til i august/haust.
  • Kaffeslabberast med pizzautsal.
  • Laurdag 30.august fortel Rannveig Ekrem om Kristian Halse som samla folketonar frå Nordmøre og som budde med familien i Skulstuå frå 1897 til om lag 1920.
  • Filmframsyning av filmen «VEGGEN» i samband med utstillinga «DOGGERLAND» til kunstnarane Siri Skjerve og Toril Redalen, vist i MR Kunstsenter.
  • Kunstnarpresentasjon av Margit Seland – workshop med fokus på raudlista handverksteknikkar
  • Bøt og bedring – kom å bøt og spel kort, bærekraft i praksis!
  • Dugnad – vidare istandsetting av bygget både utvendig og innvendig.

Har du forslag til arrangement, utstilling eller anna aktivitet, ta kontakt:)

Bildekavalkade av eit utval av aktivitetar og arrangement i Skulstuå siste året.

Powered by Labrador CMS