
Sommarrutene har starta

Sommarrutene for kollektiv transport har starta, og det er endringar på fleire ruter i fylket mellom 23. juni - 17. august.
Frå måndag 23. juni – søndag 17. august er det endringar for fleire ruter i hele Møre og Romsdal. Nokre ruter har store endringar, medan andre har mindre tilpassingar. Etter sommarferien går rutene tilbake til normale tider.Rutetidene er til ei kvart tid oppdatert i FRAM-appen og på frammr.no.