Luna Flåtten koser seg med lamaen Olaf på "Hestens dag" i Rindal

Gau dag på Rindal travbane

Det er langt ifrå berre hestar på "Hestens dag" på Rindal travbane. Her er det dyreutstilling, riding og køyring med hest og vogn, utstilling av køyretøy og Rindalsmeisterskap i kjepphest.

Publisert Sist oppdatert

Det er yrande liv på Rindal travbane. Nils Stokke har vore spent på arrangementet.

– Eg er så fornøgd med oppmøtet. Heldigvis kom det godvêr frå Surnadal, det er vi glade for, smiler Nils.

Han fortel at det har vore kø både ved ridinga og ved køyringa med hest og vogn heile dagen.

– Du må få med deg Rindalsmeisterskapet i kjepphest etterpå, seier han.

Saga Halgunset, Astrid Halgunset, Agnete Halgunset og Helle Brauten saman med Agnetes hest Smiset Rim
Anne Tonning Negaard tok utfordringa og hoppa inn til geitene
Maja Krogh Skjermo og Synne Therese Bjørnstad fann seg kaninar
Anne Marit Løfaldli får seg ikkje mange pausar. Å sitte på hest og vogn er populært.
Nils Stokke er storfornøgd med dagen. Her saman med medarrangør Mads Løfaldli og Trygve Halgunset
Allan Brauten konsentrerer seg på hesteskokastinga
Lars Kristian Heggset viser fram sin Volvo 142. Han har hatt bilen i ti år. – Ein godvêrdags-bil, seier han.
Even og Per Arne er med pappa på utstilling
Arne Fiske med sin Saab 96, 1965 modell, 2 takt. – Den høyrest ut som ein snøskuter når eg startar den, seier Arne.
Willy Jonli har med seg ein Morris minor 1000, 1957 modell. – Eg har akkurat kjøpt den. Bilen var veldig populær i England på 50-talet, fortel Willy.
Arnt Kjetil Bøe viser fram ein Ford Tanus cupe, 1974 modell, GXL automatic. Han har hatt bilen sidan 2016. Han brukar å dra på landstreff på Hunderfossen med bilen sin, arrangert av Tanusklubben Norge.
Baksetet er klart for tur
Lasse Skjølsvold har med seg ein VW Golf GTI, 1983-modell. – Den første bilen eg hadde var ein Golf, men da hadde eg ikkje råd til ein GTI, fortel Lasse. Denne har han hatt sidan 2010.
Rindalsmeisterskap i kjepphest. – Vi trenar kvar dag, dette er ikkje tull, altså, seier fire blide jenter. Janne Kjøren, Anna Landsem Eriksen, Vilde Bolme, Ronja Solheim Romundstad.
Astrid Svanem
Ronja Solheim Romundstad
Ingenting å seie på innsatsen
Embla Røen Fosseide, Klara Fosseide Bjørnås og Malin Mogset

Bildeserie

Foto: Eli Solvik

Powered by Labrador CMS