Sammen på søndag

Ingeborg Nordlund med ikonmaleri.

Ørkenteologi og økoteologi

Ingeborg Nordlund hadde for eit par år sidan ei reise til ANAFORA, eit lite samfunn mellom Kairo og Alexandria i Egypt. Under søndagssamlinga på Rindal Menighetshus fekk vi fyldig referat frå turen med både bilde, videoar og smaksopplevingar.

Publisert

Den koptiske biskopen Thomas har skapt eit eige lite samfunn i ein oase i ørkenområdet mellom Kairo og Alexandria. Hovedintensjonen er å "løfte menneske opp" og lage jordbruksland av ørkensand.

Biskop Thomas

Ingeborg Nordlund opna innlegget sitt på same vis som ho vart motteken i ANAFORA: Forsamlinga fekk kvart sitt beger med egyptisk te. Tedufta spreidde seg i salen, og dette var ein varm velkomst i novemberkvelden!

ANAFORA er bygd ut ved hjelp av boring etter grunnvatn. Energien til vassboringa kjem frå solcellepanel. Dette vatnet var grunnlaget for sjølforsyninga til heile området.

ANAFORA satsar på å vere sjølvforsynt med jordbruksprodukt, og dyrkar frå poteter til dei fleste fruktslag. Dei har til og med ein fiskedam med karpe i ørkenen

Smak av ANAFORA! Forsamlinga fekk dele eit AMFORA-måltid, sunt og smakfullt! - Pitabrød, oliven, dadlar, tomat, agurk, kikerter og humus (av kikerter).
Byggverk i ANAFORA med plass for duer.
Logoen til ANAFORA.
Jan Sturla Jensvold leda salmesongen.

Dei må grave djupt etter vatnet. Det blir eit symbol på det som dei besøkande blir oppfordra til under besøka og retreata i denne oasen. Her skal folka løftast opp, men du må ned på kne for å løfte den andre opp.

Staden var full av symbol.
Logoen var ein A – første bokstaven i det koptiske alfabetet – begynnelsen.
Filleryene, som det var fullt av, var vevd saman av ulike trådar, - saman er vi verdifulle og sterke (sjå øvste bildet).

Kaffepause med rindalsbrød i tillegg til egyptisk føde.
Iotakors.
Fargelagt Iotakors

Ei meditativ øving kan vere å fargelegge eit Iotakors. Les om det her hos Stefanusalliansen.

Rødt: Kjærleik
Gult: Sjølvbilde
Grønt: Vekst og fred
Svart: Grenser
Kvitt: Det guddommelege i oss
Blått: Nåde og takksemd

Område har bygningar av mange slag, frå overnattingsplassar til opplevingssenter og konferansesenter.

Ikonmaleri malt av Anna på Anafora.

Kunstnaren Anna tente Gud med kunst i Oppstandelseskirka, ei av dei tre kirkene i oasen.

Vi finn heile bibelhistoria på veggene i kirka. Dei kristne i Egypt er svært bevisste på at Egypt var det einaste utlandet Jesus besøkte.

Kjeldesortering i ANAFORA

ANAFORA var svært bevisst sortering av søppel og opptatt av gjenbruk. Det er berre 90 000 kristne i det islamske Egypt. Muslimane held seg unna søppel, for det er ureint. Derfor er det ingen konkurranse om søplet. Dermed er vi her vitne til ein slags økoteologi.

Du kan lese meir om ANAFORA hos NMS og hos Stefanusalliansen!

Nyttårsfeiring på Anafora
Powered by Labrador CMS