Rindal Dataklubb

Bilde av KOMP i bruk
Ole Trygve Foseide demonstrerer KOMP på Åpen Dag med ein samtale med Åge Jonli

Vil du låne ein KOMP

Rindal Dataklubb har eit eksemplar av kommunikasjonsapparatet KOMP til utlån frå Seniornett Norge fram til februar 2024. Den kan du låne i 2-3 veker gratis for å finne ut om det er noko å skaffe seg - kanskje som julegave til nokon?

Publisert

KOMP er ein skjerm med berre ein knapp, for dei som ikkje meistrar smarttelefonar og nettbrett. Familie og venner sender bilde, meldingar og har videosamtale med KOMP via ein gratis app. KOMP er utvikla av det norske selskapet No Isolation.

KOMP gjer kommunikasjon mellom generasjonar til noko enkelt og forståeleg, sjøl for den eldre generasjonen som ikkje er bitt av smartteknologi-basillen. 

Med KOMP kan barn og barnebarn halde kontakten med besteforeldra via tekstmeldingar, feriebilde og samtalar. Ein i familien er administrator og styrer den lukka gruppa som har tilgang til deira KOMP.

Klikk her for å lese meir om KOMP!

Ta kontakt med Frivilligsentralen eller med Ole Trygve Foseide (97682829) for nærare opplysningar.

Powered by Labrador CMS