Todalsdagen

Ny løyperekord i både dame- og herreklassen
Under Todalen Idrettslag sin Todalsdag på Bordholmen stadion, har det i mange år vore tradisjon å arrangere «Miniræta» og «Ræta Opp!», der «Miniræta» er eit løp på 400 meter, medan «Ræta Opp!» er eit løp på ganske nøyaktig 3 kilometer, der ein undervegs spring opp den gamle slalåmbakketraseen i Ræta.
Inntekta frå startkontingenten går uavkorta til eit samfunnsnyttig formål, og i år var det Veiledningssenteret for pårørende i Midt-Norge som var mottakar av pengane frå startkontingenten, da Todalsdagen vart arrangert på laurdag.

I «Miniræta» var det rundt 120 deltakarar, medan det i «Ræta Opp!» var 51 påmeldte i klassen med tidtaking. Berit Mogstad og Erik Kårvatn vart først i dame- og herreklassen, og båe to sette ny løpyperekord.

Erik vart klokka inn til tida 10 minutt og 13 sekund, medan Berit kom i mål på 11 minutt og 39 sekund, noko som altså er ny løyperekord i båe klassane (ligg som vedlegg)
Elles var det full fart på fotballbanane under Todalsdagen, og 22 lag i alderen 6 – 9 år var med på den trettiandre utgåva av TodalsCupen.

Todalsdagen 2025 vart altså arrangert laurdag, og i tillegg til «Miniræta» og «Ræta Opp!» vart den 33 utgåva av TodalsCupen arrangert. 22 lag var påmeldte til årets cup. Sjølv om det var færre i år enn tidlegare år på cupen, så kom det bra med folk, og dei som kosa seg med grillmat og forfriskingar frå kiosken.
Økonomisk sett er Todalsdagen eit viktig arrangement for Todalen Idrettslag, og årets utgåve ser ut til ende med eit overskott tett oppunder hundre tusen, , og gjev eit viktig økonomisk bidrag til drifta av Todalen Idrettslag.
- På vegne av Todalen Idrettslag vil jeg takke alle våre sponsorer og samarbeidspartnere, alle frivillige og alle besøkende, som gjorde Todalsdagen 2025 til ein fin dag, sa leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.


