Møre og Romsdal Venstre held fylkesårsmøte i Kristiansund
Fylkesårsmøte 2023 for Møre og Romsdal Venstre er lagt til Thon Hotel Kristiansund 4. og 5. mars. Årsmøtet får besøk av medlem i Stortinget sin næringskomité Alfred Bjørlo og sentralstyremedlem Solveig Schytz. Hovudsak på årsmøtet vert slutthandsaming av valprogram for fylkestingsvalet 2023, skriv Møre og Romsdal Venstre i ei pressemelding.
Det er 59 påmelde til fylkesårsmøtet, med 49 delegat, observatørar og gjestar.
Forslag til valprogram har vore til handsaming i lokallaga, og programkomiteen har fått inn mange forslag som årsmøtet skal ta stilling til, og ein ser fram til gode debattar.
Innleiar til generell politisk debatt laurdag vert Venstres førstekandidat til fylkestingsvalet Pål Farstad. Han er vel kjent i Møre og Romsdal, busett i Kristiansund og oppvaksen i Ålesund. Han er tidlegare stortingsrepresentant, og fast representant i fylkesutvalet i inneverande periode, skriv partiet i pressemeldinga.
Etter lunsj kjem stortingsrepresentant Alfred Bjørlo med eit innlegg om politikk og kommunikasjon. Bjørlo er valt inn frå Sogn og Fjordane valdistrikt, men kjenner også Møre og Romsdal godt. Han er tidligare ordførar i Stad kommune. Som næringspolitikar er han svært tydelig og aktiv i debattar, anten det gjeld gründerar, forhold for næringsdrivande eller landbruk. Han har ein tydelig distriktsvinkling i si forståing av politiske utfordringar.