Fem personer smiler sammen utendørs foran en bygning og en overbygd terrasse.
Ordførarkandidat Hugo Pedersen framfor nominasjonskomiteen f.v. Heidrun Solstad, Karin Åsbø, Gunda Bele og Bergsvein Brøske.

Hugo Pedersen er Surnadal Senterparti sin toppkandidat

Onsdag formiddag presenterte nominasjonskomiteen i Surnadal Senterparti sin toppkandidat til kommunevalet 2027.

Publisert Sist oppdatert

Nominasjonskomiteen har denne gongen bestått av Bergsvein Brøske som leiar, Gunda Bele, Gunnhild B. Bøe, Karin Åsbø og Solrun Solstad.  

Hugo toppkandidat  

– Vi er glad for å kunne presentere Hugo Pedersen som vår toppkandidat til kommunevalet 2027, seier leiar i nominasjonskomiteen, Bergsvein Brøske.  

– Jeg ble spurt om å stå som toppkandidat, og det har jeg takket ja til, seier Hugo Pedersen.  

Samarbeidet som sprakk 

Hugo Pedersen vart valt som ordførar etter 2023-valet, gjennom eit samarbeid med Arbeiderpartiet og der Annett Ranes vart varaordførar. 

Midt i valperioden valde Arbeiderpartiet å trekke seg frå samarbeidet, slik at Pedersen og Senterpartiet no søker fleirtal frå sak til sak. 

Resten av vallista kjem etter kvart 

Nominasjonskomiteen skal no finne kandidatar til dei andre plassane på vallista til kommunevalet 2027.  

– I Senterpartiet har vi ikkje tradisjon for å stille med varaordførarkandidat, noko vi heller ikkje gjer denne gongen, seier Brøske.  

– No skal vi fylle opp resten av liste med gode kandidatar, noko eg trur blir enklare nr vi har ein god kandidat på topp, avsluttar han.  

 

Powered by Labrador CMS